Interiørtenester

 

Interiørkonsultasjon - Styling

 


Interiørkonsultasjon  


Mini konsultasjon 

Dette er ei teneste der du kan få enkle tips og råd om kva du kan gjere for å få ein bolig du kan trivast endå betre i. Det kan være alt fra generelle val av fargar som harmonerar på vegger eller gulv, tak, til gardiner og tapeter.  

Dette er ein mini konsultasjon som kun tar for seg det generelle overblikket. Og du får ein liten rapport med stikkord og tips som kan gjere rommet/boligen betre. 

NB: I denne konsultasjonen inngår ikkje teikningar,  planteikningar i 2D og 3D, moodboard, eller romskjema. 

Priser frå 3000 kr. 

Butikk & kafe lokaler

Eg hjelper deg å skape din kafe/ butikk.  På bakgrunn av din visuelle profil, vil eg hjelpe deg å skape ein kafe eller butikk der både du og kunden din kan trivast. 

Pris på forespurnad

 

 Ny bolig -  innredning og utforming av design for heile hus og hytter 

For at du skal kunne ta best mogleg val, med hensyn til dine behov, økonomiske rammer, miljøet, og kunne skape ein rød tråd i boligen din, krevs det kunnskap, estetisk sans og tid. Dette kan eg som interiørkonsulent hjelpe deg med. Eg kan gjere hus prosjektet og utforminga av boligen meir lystbetont og overkomeleg for deg og dine. Eg kan hjelpe til med alt som har med innredning og utforming av rom i din bolig å gjere, og skreddersyr ei pakkeløysing ut frå dine behov.  

Pris på forespurnad


Intervju og synfaring 

Det er viktig for meg å finne essensen av kven det er som skal bu i boligen. Eg ønskjer å skape ein heim som du føler deg heime i og kan trivast i år etter år. Eg kjem difor til å gjere ei annalyse på hvilke behov du og din familie har.  På bakgrunn av alle opplysningar eg får vil eg sette saman eit skreddersydd forslag tilpassa deg og din familie. 

Pris på forespurnad

På bakgrunn av synfaringa og kva du ønskjer, kan eg tilby:

 

/ Planløysing i 2 D og 3D

/ Skisseteikningar

/ Romskjema

/ Belysningsplan

/ Hjelp til farge- og materialval

/ Hjelp til møbel- og interiørval

/ Hente inn tilbod frå handtverkarar

/ Kontakt med handtverkarar

/ Innkjøpslister



Styling til salg av hus og hytter  

Enkel styling :

Med små interiør produkter, val av farger.

Eg hjelper deg og finne ut kva som må vekk og 

kva som kan stå for visning. 

Full styling: 

Eg stylar boligen for sal,

og tar interiørbilder til salsprospekt

/ Send meg gjerne ein mail der du fortel om ditt prosjekt, så kan eg gje deg eit uforpliktande tilbod.

post@vfjorden.no

_MAK7367.jpg

Meny

Innstillinger